1 av dei 6 beste i industrimekanikarfaget

Yrkes-NM

1-3. april, Førde

1 av dei 6 beste i Industrimekanikarfaget

Linea Bortne Haveland (19) fortel at ho litt ufrivillig skal vere med i Yrkes-NM, og konkurrere i faget Industrimekanikar. Det starta med ein e-post frå Pro Vestland Opplæringskontor, men eg var veldig i stuss først. Etter litt press frå vedlikehaldsleiar Monica Langedal og dei heime, så sa ho ja til opptaksprøva. Det var lærlingar frå heile landet som prøvde å kvalifisere seg til Norgesmeisterskapet, og vi var 6 som gjekk gjennom nålauget.

Skal gjere mitt beste

Å vere kvalifisert på denne måten betyr uansett at eg blir 1 av dei 6 beste i landet, smiler lærlingen fornøgd. Det viktigaste er å gjennomføre, men eg skal sjølvsagt gjere mitt aller beste. Planen er at eg framover skal ha nokre ekstra kveldar på Cargill for å øve og førebu meg. Det blir utan tvil litt ekstra fokus på dreiing, fresing, boring og rørbøying dei siste vekene fram mot NM. Eg veit at vi får utdelt dreiebenk og ein verktøykasse, så får eg gjere det beste ut av det.

 

Stressa av publikum

No gler eg meg, men samtidig er eg litt nervøs. Det som stressar meg mest er at vi skal ha publikum. Familie og sambuar skal vere med og heie Linea fram, i lag med representantar frå Cargill. Vi er veldig stolte av å ha ein lærling med i konkurransen, smiler lærlingansvarleg Bjarte Trædal. Linea er dessutan veldig flink, presiserer Monica Langedal som jobbar tett på lærlingen.


Variert læretid

Linea, som skal ta fagprøva si i løpet av sommaren, fortel at ho har vore gjennom ei veldig variert og god læretid. Eg trur ikkje det er mange læreplassar med så variert arbeid. I hovudsak driv vi med korrigerande og førebyggande vedlikehald på alt frå finmekanikk til store maskiner. Kvar dag ligg det nye jobbar og ventar på meg, og det kan vere kvar som helst i den store fabrikken. Då eg starta på Teknologi- og Industrifag VG1 (TIF) viste eg ikkje kva eg ville, men no er eg veldig fornøgd med løpet så langt. Med TIF VG1 og Industriteknologi VG2 i botnen kan ein faktisk velje mellom 25 ulike fagbrev.

Privacy policy

OK