
LEDIG STILLING:
Prosjektleiar for Meistringskulen
HUB-Yrkesfag får tildelt 1,9 millionar kroner til Meistringskulen frå tilskotsordninga Berekraftig Verdiskaping i Vestland.
Stad: Førde, Sogn og Fjordane
Arbeidsgivar: HUB-Yrkesfag
Stillingstype: Fulltid, 3-årig prosjektstilling
Søknadsfrist: 15.08.2025
HUB-Yrkesfager det største fagmiljøet for fagopplæring i bedrift i Vestland, med om lag 30 tilsette fordelt på 10 opplæringskontor. Vi representerer 800 lærebedrifter med over 80 ulike fagutdanningar. Vårt hovudarbeidsområde er i Sogn og Fjordane og er lokalisert i moderne kontorfelleskap i Førde i Sunnfjord kommune.
Om prosjektet:Meistringskulen er eit prosjekt som har som mål å styrkje og auke rekrutteringa av arbeidskraft til næringslivet i Sogn og Fjordane. Prosjektet rettar seg mot ungdom og vaksne som har utfordringar med å tilpasse seg skulen eller arbeidslivet, og skal tilby tilpassa opplæringsløp og praktiske tiltak for å hindre utanforskap.
Arbeidsoppgåver:
Leie og koordinere prosjektet over ein treårsperiode.
Planlegge, utvikle og gjennomføre tiltak i samarbeid med kommunar, fylkeskommunen, NAV, næringslivet, lærebedrifter, opplæringskontor og andre samarbeidspartnarar.
Følgje opp deltakarar og sikre at dei får nødvendig støtte og oppfølging.
Marknadsføre og implementere prosjektet for næringslivet og aktuelle samarbeidspartar
Evaluere prosjektet årleg og ved avslutning, og rapportere til styringsgruppa.
Sikre at prosjektet når sine mål og leverer verdi til samfunnet.
Vere ei drivkraft og ein samlande faktor for partane i prosjektet og medlemskontora i HUB-en
Kvalifikasjonar:
Relevant utdanning innan prosjektleiing, pedagogikk, samfunnsvitskap eller liknande.
Kjennskap eller erfaring frå fagopplæring og yrkesfagleg utdanning .
Erfaring med prosjektleiing og koordinering, gjerne innan utdanning eller arbeidsmarknadstiltak.
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert.
Vi tilbyr:
Ei spennande og utfordrande stilling med stor samfunnsnytte.
Moglegheit til å påverke og utvikle framtidas arbeidskraft.
Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer i vårt kontorfellesskap på Concord i Førde.
Konkurransedyktige lønns og arbeidsvilkår.
Meir info og søknadsskjema: Finn.no

HUB-Yrkesfag får tildelt 1,9 millionar kroner til Meistringskulen frå tilskotsordninga Berekraftig Verdiskaping i Vestland
Førde, 19. juni 2025 – HUB-Yrkesfag har gleda av å kunngjere at vi har fått tildelt 1,9 millionar kroner frå tilskotsordninga Berekraftig Verdiskaping i Vestland. Midlane vil bli nytta til å styrkje og vidareutvikle prosjektet Meistringskulen, som har som mål å auke rekrutteringa av faglært arbeidskraft til næringslivet i regionen.
Meistringskulen er eit initiativ som rettar seg mot ungdom og vaksne med utfordringar i skulen eller arbeidslivet. Gjennom tilpassa opplæringsløp og praktiske tiltak, skal prosjektet bidra til å hindre utanforskap og sikre at deltakarane får fagbrev eller kompetansebevis som kvalifiserer til jobb eller vidare utdanning.
Bjarte Heggheim, prosjektansvarleg for HUB-Yrkesfag, seier: "Denne tildelinga er eit viktig steg for å kunne realisere måla våre om å styrkje fagopplæringa og sikre at næringslivet får tilgang til den kompetansen dei treng. Vi er svært takksame for støtta frå Vestland fylkeskommune og ser fram til å fortsette arbeidet med Meistringskulen."
Prosjektet vil involvere eit breitt spekter av samarbeidspartnarar, inkludert Vestland fylkeskommune, kommunane, NAV, næringslivet og offentleg sektor. Gjennom tett samarbeid og koordinering vil Meistringskulen tilby tilpassa opplæringsløp for ungdom frå 9. og 10. klasse, elevar i vidaregåande skule og vaksne mellom 19 og 30 år som ikkje er i utdanning eller jobb.
For meir informasjon
Kontakt: Bjarte Heggheim Prosjektansvarleg, HUB-Yrkesfag
Tlf: 99714474
E-post:bjarte.heggheim@nho.no

E-læringskurs for fagleg leiar og instruktør
E -læringskurset er del 1 av den obligatoriske opplæringa for faglege leiarar.
Kurset er på ca. 45 minutt og er eit ledd i kompetanseutviklinga. Det skal vere med å sikre at alle nye lærebedrifter og faglege leiarar får same informasjon og opplæring om rolla si og ansvaret sitt.
Faglege leiarar må i tillegg til e-læringskurset kurset ta del 2 i den obligatoriske opplæringa. Det er eit dagskurs/webinar i regi av Vestland fylkeskommune. Du vil på slutten av e-læringskurset få opp ei lenke der du kan melde deg på dette.

YRKES-NM i Førde
1. til 3. april 2025, Førde, Vestland
For første gong vert Yrkes-NM arrangert i Førde. Dette er òg første gong Yrkes-NM vert arrangert utanfor dei store byane. I lag med Yrkes-NM vert det
arrangert ei stor utdanningsmesse for ungdommar.

Kurs i relasjonskompetanse
Målet med samlingane er å styrka faglege leiarar og instruktørar i deira rolle som rettleiarar og relasjonsbyggarar for lærlingar i ei tid prega av psykiske utfordringar, tidspress og behov for ulike tilpassingar.
Copyright © Med enerett