Andreas sveisar for gull

Yrkes-NM

1-3. april, Førde

Andreas sveisar for gull

Eg går for gull, smiler Andreas Ommedal Aa (20), som har kvalifisert seg til Yrkes-NM i faget sveis. Det er supert å gå litt høgt ut, så blir eg vel jorda om det ikkje går heilt etter planen. Lærlingen frå Hyen er snart klar til å gå opp til fagprøve som industrimekanikar, men har sveisa mykje rekkverk i aluminium og andre båtdelar i rustfritt stål hos Brødrene Aa. 

 

Då opplæringskontoret spurte om eg ville vere med, tenkte eg at det var interessant. Andreas tar utdanninga via TAF-modellen, der han kombinerer skule og læretid, noko som betyr 3 dagar på jobb hos Brødrene Aa og 2 skuledagar på Måløy vgs. Etter 4 år sit han igjen med både fagbrev og studiekompetanse.

 

Øve, øve øve

No fram mot Yrkes-NM må eg trene ekstra på sveising. Eg treng mykje mengdetrening, så eg vil vere igjen på jobb nokre timar etter arbeidstid framover. Brødrene Aa er ei flott bedrift å jobbe i, og dei er veldig positive til at eg skal delta i Yrkes-NM, fortel Andreas. Dei ga meg mykje tid til å øve fram mot kvalifiseringa.


Skjerpa av konkurranse

Eg har store forventningar til at det blir eit bra opplegg i Førde 1. – 3. april, og så har eg sjølvsagt forventningar til meg sjølv. Eg er generelt ein roleg kar, men kjem nok til å kjenne på at adrenalinet pumpar litt ekstra i konkurransesituasjonen. Det skal no berre vere sunt.


Strategien er å prøve å sveise best, men det er ikkje gitt at det lykkast. Andreas veit at han får 4 oppgåver han skal løyse og at han mellom anna skal sveise ein boks som skal trykktestast. Den vere tett, men eg har også fokus på å sveise aluminium jekla flott. Det blir ekstra spennande å jobbe med mange folk som ser på, men det er også skjerpande. Eg gler meg til å vise kva eg kan.

Privacy policy

OK