Eg skal gjere mitt beste

Yrkes-NM

1 - 3. april, Førde

Eg skal gjere mitt beste

Lastebil-lærlingen Torbjørn Eide Bø (19) brukar kvardagen på å laste, køyre og losse langs vegane i Norge. I april skal han kjempe om gullmedaljen i godsfaget, under Yrkes-NM i Førde.


Likar variasjon

Torbjørn er førsteårslærling i Nistad Transport, og starta i bedrifta for knapt eit år sidan. Han vart inspirert av vennane som også køyrer lastebil til å teste ut faget, og trivs godt med valet sitt. Som lærling i godsfaget er eg på reis både lokalt og lenger vekke, alt ettersom kva oppdrag vi får inn. Ein god kombinasjon er det beste tykkjer eg.

 

Arbeidsgjevar har trua

Opplæringskontoret for Transport- og logistikk spurte om eg ville bli med på Yrkes-NM. Eg tenke at det kunne bli spennande og kjekt å vere med på. Det er tross alt god læring fram mot fagprøva på nyåret, seier Torbjørn. At arbeidsgjevar Nistad Transport har trua på lærlingen og syns det er kjekt han deltek, er eit ekstra pluss.

 

Ein del av kvardagen

Sjølv om han ikkje heilt enda har hatt tid til å forberede seg til norgesmeisterskapet, er han trygg på kunnskapen sin. Emna vi skal opp er allereie ein del av kvardagen min på vegen, så eg får øvd litt kvar dag. Eg vil uansett ta meg ein dag der eg går gjennom alt, slik eg har kontroll heilt ut til fingerspissane, fortel Torbjørn.

Privacy policy

OK