Kamilla Strømmen (25) er 2.-års lærling i yrkessjåførfaget. Ho er opprinneleg helsesekretær, men det føltes ikkje som det rette yrket. Veslesøstera til Kamilla inspirerte til eit nytt yrkesval, og no skal ho konkurrere i Yrkes NM.
Det var veslesøstera mi som inspirerte meg til å bli bussjåfør. Ho fortalte mykje positivt om jobben som bussjåfør, og fekk meg til å melde meg på landslinja for yrkessjåførar på Os. Eg har ikkje angra eit sekund etterpå. I tillegg traff eg kjærleiken på kurset, fortel ho.
For å styrke sjansane sine i konkurransen har Kamilla byrja å trene. Bussjåføryrket krev litt fysisk styrke, og spesielt kjettingpåheng kan vere ei krevjande oppgåve. Difor har ho sett i gong med trening for å bli sterkare og meir uthaldande til Yrkes NM.
Kamilla fortel at ho har fått god støtte frå arbeidsgjevar Firda Billag Buss, Opplæringskontoret for Transport og Logistikk, Vestland og ei uvurderleg støtte frå kjærasten, Gøran. Eg har brukt mykje tid på å terpe i dei ulike øvingane eg skal konkurrere i, og kjærasten har vore til stor hjelp i oppladinga til Yrkes NM. Han er yrkessjåfør sjølv, og når han ikkje er på arbeid har han hjelpt meg mykje med øving av kjettingpåheng. Saman har vi brukt mange timar på å perfeksjonere teknikk, slik at eg kan få opp tempoet og gjennomføre kjettingpåheng meir effektivt.
Kamilla ser på NM som ein fantastisk moglegheit til å utvikle seg vidare i faget. Ho gler seg til å konkurrere, men endå viktigare – til å lære av dei andre deltakarane og juryen. Erfaringane ho får der, vil vere verdifulle for karrieren som bussjåfør.
Med hardt arbeid, dedikasjon og ein solid heiagjeng i ryggen, er Kamilla på god veg mot målet sitt. Uansett korleis NM går, har ho allereie vist at ho har viljen og pågangsmotet som trengs for å bli ein stolt og ivrig bussjåfør.
Copyright © Med enerett