Ein unik arena

Yrkes-NM

1-3. april, Førde

Ein unik arena

Får ein sjansen til å delta i Yrkes-NM då må ein berre slå til, seier Tobias Bueie (25). Han er industrimekanikar hos Elkem Bremanger, og var sjølv med på både Yrkes-NM og Yrkes-VM i 2019.  Det var utruleg spennande, kjekt og motiverande å få konkurrere med likesinna folk som var opptatt av det same som eg sjølv. Då Tobias deltok i Yrkes-NM var han lærling i industrimekanikarfaget hos Bilfinger Industrier i Svelgen, og knytt til PRO Vestland opplæringskontor.


Rått å delta i VM

Yrkes konkurransar er ein unik arena, og det å få vere på landslaget og reise til Yrkes-VM i Russland var heilt rått. Der var det 500 000 tilskodarar i fire dagar. Sjølv om ikkje konkurransen gjekk så bra for min del, så var det ei fantastisk oppleving.

Viktig å ha på CV-en

På spørsmål om dette har betydd noko i den vidare karrieren er Tobias klar på at ja, det har det garantert. Det er viktig å ha desse konkurransane på CV-en. Sjølv om han ikkje har skifta jobb, så har han fått tilbod om nokre jobbar som han har takka nei til. Eg har alltid blitt kalla inn på intervju, og arbeidsgjevarane har lagt vekt på at eg har delteke i yrkes-konkurransar. Det viser at ein er dedikert til faget, og at ein toler å stå i presset som er rundt eit slikt arrangement.

Foto: WorldSkills Norway

Privacy policy

OK