Elektrisk lokaloppgjer

Yrkes-NM

1 - 3. april, Førde

Elektrisk lokaloppgjer

Onsdag 2. april skjer det store elektriske lokaloppgjeret, under Yrkes-NM i Førde. Elektrikarbedriftene Caverion i Førde, NBN Elektro og Fokus Elektro i Florø stiller med kvar sine toppa lag. Dei tre laga med unge elektrikarar, møtest til venskapeleg, men knallhard konkurranse. Faglege utfordringar og evne til samarbeid blir viktig når det skal konkurrerast om heider og ære. Premieutdeling blir det også, kan Øystein Halbrendt på opplæringskontoret Fagopplæring Elektro fortelje.


Det heile skal føregå i KEM-hallen på Førde vgs. frå klokka 9.00 til 15.00. Oppgåva dei skal løyse er ein enkel husinstallasjon i ein bås på 1,2 x 2,9 meter. Her skal det vere opent anlegg og motorstyring. For dei tre konkurrerande laga blir presisjon og samarbeid avgjerande.

 

Skarp konkurranse

Dommarane som vil halde eit skarpt blikk på konkurrentane er Andreas Viken frå Aker Solution og Håvard Vallestad, som er lærar i elektro på vidaregåande. Dei vil ha spesielt fokus på Helse Miljø og Sikkerheit (HMS) og Forskrift om Sikkerheit ved Elektriske anlegg (FSE). Her er det om å gjere at deltakarane jobbar effektiv og nøyaktig.

 

Hei fram laget ditt

Dette vil vere eit publikumsvennleg arrangement, der folk får god anledning til å følge med og heie fram sitt lag. Eivind Husabø - som jobbar med Ungt Entreprenørskap – skal lose det heile i land som konferansier. Dette blir spennande og kjekt for publikum å følge med på. Vi avsluttar med premieutdeling klokka 15.15.

Desse skal delta i Lokaloppgjeret: 


NBN Elektro, Florø

  • Jacob Solheim, 18 år og førsteårslærling
  • Tor Erik Solheim, 18 år og førsteårslærling


Fokus Elektro, Florø

  • Sander Vike, 20 år og akkurat ferdig med læretida
  • Ola-Mathias Endestad , 21 år og akkurat ferdig med læretida


Caverion, Førde

  • Jonas Rude Kleppe, 19 år og førsteårslærling 
  • Magnus Valaker Eikeland, 18 år og førsteårslærling
Privacy policy

OK