Det var Opplæringskontoret for anleggs- og bergfaga (OKAB) og sjefen min i Torleiv Straume AS som ville melde meg på Yrkes-NM, fortel fagarbeidar og lærling Else-Mari Nyheim (20). Eg tenkte at det kunne vere gøy å prøve. Då er det berre å hoppe i det og satse høgt, kjem det lattermildt frå gravemaskina.
Eg har ein plan om å øve litt ekstra fram mot konkurransen, men eg har ikkje kome i gang enno, ler ho. Else-Mari har aldri vore med på slike konkurransar før, men kan bekrefte at ho har eit sterkt konkurranseinstinkt. Det må vel hjelpe på.
På spørsmål om ho har med seg ein heiagjeng frå Gloppen, er svaret at ho ikkje har fortalt at ho skal vere med i konkurransen. Eg reknar no med at foreldra mine, og kanskje nokre andre blir med. Elles er det litt skummelt at folk skal stå og sjå på. Else-Mari trur at det blir både stressande og skjerpande, men må innrømme at ho har kvidd seg sidan ho vart påmeldt. No må eg berre prøve å gjere det beste ut av det.
Det er heile 22 konkurrentar i anleggsmaskinførarfaget, og av dei er det 4 jenter. Vi er ikkje så mange, nei, seier maskinføraren som vil anbefale faget for fleire jenter. Ein treng ikkje ha vakse opp med traktor og gravemaskiner. Pappa er sjukepleiar og mamma er lærar, men det er likevel ikkje tilfeldig at eg valde denne retninga. Eg har vore fasinert av store maskiner frå før eg kunne gå.
Eg hugsar spesielt godt då nabotomta vart sprengt heime på Vereide. Då bestemte eg meg for at dette ville eg og gjere ein gong. No har eg fagbrev i Anleggsmaskinførarfaget og etter planen skal fagbrevet i Veg- og anleggsfaget vere i boks i september.Det neste målet er Fjell- og bergverksfaget og å bli skytebas, smiler den ivrige fagarbeidaren som gler seg over å meistre eit breitt spekter av fag. Ho ser heller ikkje vekk frå at det kan bli ei ingeniørutdanning på sikt, men no vil eg jobbe ute i feltet.
Uansett fagbrev og framtidsplanar, så er det Yrkes-NM som no skal stå i fokus framover. Det blir det ei stor oppleving å vere i Førde på NM og messe, og eg satsar sjølvsagt på pallplass, avsluttar fagarbeidaren og lærlingen frå Gloppen.
Copyright © Med enerett