Gaute likar å vere kreativ

Yrkes-NM

1 - 3. april, Førde

Gaute likar å vere kreativ

Gaute Birkeland (19) valde tømrarfaget fordi han likar å vere kreativ og vere med i prosessen frå idé til ferdig produkt. Han er andre års lærling i tømrarfaget, og brukar Yrkes-NM som ei god oppvarming til fagprøva no til sommaren.


Eg blei spurt av sjefen min i Byggmester Stølsvik og opplæringskontoret Byggmesternes Servicekontor om eg ville bli med i Yrkes-NM. Først blei eg litt sjokkert, men eg likar utfordringar. Først og fremst trur eg det blir veldig kjekt å delta og konkurrere mot andre ungdommar i faget mitt, seier Gaute.

 

Går gjennom alt

No er det siste innspurt fram mot norgesmeisterskapet og Gaute er i full gang med førebuingane. Vi veit ikkje oppgåvene i forkant, så eg har brukt tida fram mot Yrkes-NM til å gå gjennom og lese meg opp på dei ulike emna. Eg skal lese litt ekstra på takkonstruksjon. Her er det berre å ha tunga beint i munnen. Det er mange faktorar som skal takast omsyn til når vi byggjer ein takkonstruksjon, alt frå kva type tak ein skal velje, ha rett type vinklar og val av materiale, fortel han.

 

Arbeidsgjevar heiar på Gaute

Eg håpar eg gjer det bra, men uansett resultat er det kjekt å ha vore med på noko slikt. Det er ikkje kvar dag ein får ein slik sjanse, så det er berre å hive seg ut i det. Arbeidsgjevar Byggmester Stølsvik har vore flinke å følge opp fram mot Yrkes-NM. Dei syns det er stas at ein av «våre eigne» skal vere med.

Privacy policy

OK