Kompisgjengen skal heie Anders fram

Yrkes-NM

1-3. april, Førde

Kompisgjengen skal heie Anders fram

Eg likar konkurranse, og vil sjølvsagt gå for pallplass, smiler Anders Fjellkårstad (21), som gler seg til å delta i Yrkes-NM. I anleggsmaskinfaget veit han at det er 3 presisjonsøvingar han må gjennom, med hjullastar, gravemaskin og dumpers. Det viktigaste eg kan gjere er å jobbe roleg og effektivt. Tidlegare har eg berre vore med på konkurranse med simulator på Loendagane. No er det meir alvor.

Konkurranseinstinkt

Då eg fekk spørsmål om eg ville delta på Yrkes-NM, svara eg ja med ein gong. Eg har konkurranseinstinkt, flirer han. Dette blir skikkeleg kjekt! Anders håpar at mange folk kjem og ser på og opplever det som skal skje i Førde med Yrkes-NM og yrkesmesse. Papsen skal i alle fall vere med og sjå på. Dessutan har eg ein kompisgjeng som alle har sagt at dei skal ta fri for å reise til Førde for å heie på meg. Det blir kult!


Likar praktiske utfordringar

Anders er i gang med sitt andre fagbrev hos Kveen Anlegg, i heimbygda Stryn. Frå før har han fagbrev i Veg- og anleggsfaget, og no står Anleggsmaskinførarfaget for tur. Eg har tatt utdanninga etter Vekslingsmodellen, som betyr 3 år som lærling og meir praksis enn teori. Bedrifta og eg er knytt til Opplæringskontoret for anleggs- og bergfaga - OKAB SF. Eg stortrivast som maskinførar og med praktisk arbeid. Eg får prøve mange ulike ting, og det er kjekt med utfordringar der eg må finne dei beste løysingane.

Privacy policy

OK