Mathias Eimhjellen Christensen (19) skal konkurrere for heder og ære under Yrkes-NM.
Han var ikkje vanskeleg å be då han blei utfordra av opplæringskontoret PRO Vestland til å delta. Kvifor ikkje, det er ein god måte å utfordre seg på, tenkte eg. Eg heiv meg berre ut i det, og alle partar vinn på at eg er med. Det er fint å ha på CV-en, og ein lærer mykje av å vere med - som eg kan ta med meg vidare i arbeidet.
Om to veker skal Mathias konkurrere mot fem andre utøvarar i Industrimekanikarfarget. I konkurransen er det 7 forskjellige emne som utøvarane vert testa i under Yrkes-NM, alt frå rørbøying og dreiing til sveising og fresing. Eg har ikkje store forventningar til korleis det kjem til å gå, seier Mathias. Han syns det er kjekt å vise fram kva han jobbar med og faget han har valt. I tillegg er det veldig god trening til han skal ta fagprøva no til sommaren.
Kollegaene på WIS Gruppen i Florø skryt av Mathias og den jobben han gjer. I følge dei er han eksepsjonelt flink i faget og ein som er sjølvgåande i verkstaden. Det er gode kvalitetar å ha med seg inn i førebuinga til norgesmeisterskapet.
Eg har ikkje gjort noko spesielt for å førebu meg. Vi veit ikkje kva oppgåvene er på førehand, så det er ikkje noko spesielt eg kan øve ekstra på. No har eg terpa og øvd på verkstaden i snart to år fram mot fagprøva, og eg trur at den langsiktige treninga er det som vil gje resultat i konkurransane. Eg gler meg til ei kjekk og lærerik utfordring.
Copyright © Med enerett